Om huset
Eit roleg stopp i Brandal.

Leitehuset ligg i Brandal på Hareidlandet. Brandal har lange tradisjonar frå ishavsfangst og kystfiske. Her er det kort veg ned til sjøen, til Ishavsmuseet Aarvak og til turstiar langs vatn og fjord.
Som vår gjest har du tilgang på hagen og heile huset for seg sjølv.
På fineversdagar kan du sjå soloppgang frå stovevindauget om du er morgonfugl, og bak huset beitar skogens eigne husdyr, hjorten. På Kvitneset, ein spasertur på omlag 3 km, kan du sjå sola gå i havet på kvelden eller oppleve historiske bunkersar frå 2. verdskrig.








Gjestetilgang
Du disponerer heile huset og hagen som vår gjest.
Huset har stove, kjøkken, bad og gang (med sovesofa) i hovudetasja og to soverom på loftet. Frå sofaen har du panoramautsikt over bygda og Storfjorden (med cruisebåtane som passerer på veg til Geiranger).
På badet finn du både dusj og badekar, samt vaskemaskin som du kan bruke fritt.
Soverom 1 har ei smal dobbeltseng på 140 cm og soverom 2 har dobbeltseng 150×200 cm og barneseng (150 cm lang).