BRANDAL sign by the sea with a view of Hareidlandet

Med utgangspunkt i Brandal

Nokre favorittar på Søre Sunnmøre

Nærområdet vårt byr på mykje variert. Her er nokre favorittar vi gjerne anbefalar vidare. Her finn du både kultur, historie, natur, strandliv og lokal mat. Klikk deg gjennom områda nedanfor.

Filtrer på aktivitet

Brandal og Hareid

15 stopp
Statue framfor Ishavsmuseet Aarvak i Brandal

Ishavsmuseet Aarvak

Eit av dei mest særprega musea på Vestlandet. Her får du oppleve historia om shipping, polarekspedisjonar og livet i Arktis. Opent alle dagar kl. 11–17 (juni, juli og august).

Bading i Brandal sentrum med badebrygge og fjell i bakgrunnen

Brandal sentrum med badestrand

GratisBading

Brandal sentrum ligg ved sjøen med ei fin sandstrand. Her har dei ivrigaste brandølingane dreve med heilårsbading sidan 1994, og held det fortsatt gåande. Du finn badebrygge og trampoline på sommarstid.

Utsikt frå Kvitneset mot havet

Kvitneset

Gratis

Flott utfartsområde med utsikt mot storhavet. Området er kjent frå andre verdskrig då tyskarane brukte det som kystfort.

Overåsanden strand med vikingmonument i bakgrunnen

Overåsanden

GratisBading

Ei av dei finaste badestrendene på Sunnmøre finn du ved Nasjonalmonumentet på Overå. Ei austvendt, langgrunn strand med flott sand og gode høve for parkering, tre kilometer frå Hareid sentrum. Andre badestrender i området: Holesanden ved Snipsøyrvatnet, Osnessanden (Ulsteinvik) og Roppesanden (Flø).

Inngangsparti til vikinglanghuset Hǫðr i Hjørungavåg

Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete

Opplev Vikingsete i sommar! Ta turen til Hǫðr og bli med tilbake til vikingtida. Ei unik oppleving for både små og store. Opent onsdag–søndag kl. 12–17 (fram til 16. august).

Vågsvegen 12, 6063 Hjørungavåg
Interiør frå Hareid bibliotek med bokhyller og sitjeplass

Hareid folkebibliotek

GratisBibliotek

Moderne bibliotek på Hareid med eit stort utval av bøker, aviser og digitale tilbod. Eit triveleg stopp for store og små. Opent tysdagar kl. 10–15, onsdagar kl. 10–18 og torsdagar kl. 10–15 (fram til og med 16. august).

Disk med bakverk og prisskilt hos Mjøl & Meir

Mjøl & Meir Hareid

Lokalt handverksbakeri og kaffibar med ferske brød, bakverk og kaffi. Også ei viktig inkluderingsverksemd som gir arbeidstrening gjennom bakerifaget. Opent måndag–fredag kl. 08.00–16.30 og laurdag kl. 09.00–15.00. Mjøl & Meir har også utsal i Ulsteinvik og på Sæbø.

Kjøpmannsgata 69, 6060 Hareid

Millennium Kafe

Kafe på Hareid som serverer god mat og drikke i hyggelege omgjevnader. Opent måndag kl. 11–14 og tysdag–laurdag kl. 11–17.

Millennium Cowork

Coworking-fellesskap på Hareid med fleksible arbeidsplassar og nettverksmoglegheiter.

Brandal skule

GratisLeikeplass

Leikeplass ved Brandal skule med eit variert utval av leikeapparatur.

Hareid Fjordsauna

Velvære

Badstue ved Hareid hamn med flott utsikt over fjorden. Perfekt for ein avslappande stund etter ein dag ute.

Søndagskafé på Holesanden

Servering

Koselig søndagskafé ved Holesanden ved Snipsøyrvatnet. God atmosfære og enkel servering på sommarsøndagar.

Fotballgolf på Hareid

Aktivitet

Moro for store og små – fotballgolf kombinerer fotball og golf på ein morsom måte.

Gjenbruksbutikken Brukt & Billig

Likar du å gå på «skattejakt», kan ein tur innom bruktbutikken Brukt & Billig på Hareid vere verdt ein tur. Du finn også bruktbutikkar i Ulsteinvik, Myrvåg og to stykk i Volda.

Ulstein

8 stopp
Ulstein Arena med Ulsteinbadet, bibliotek og kafe

Ulstein Arena

Ulsteinbadet, Ulstein bibliotek og turistinformasjon

BadingBibliotek

Moderne badeanlegg med basseng, sklier, stupetårn og velværeområde. I same bygg finn du også kafe, turistinformasjon og bibliotek. Ulstein Arena: Opent måndag–fredag kl. 10–20. Laurdag–søndag kl. 11–17. Ulsteinbadet: Opent måndag, onsdag og fredag kl. 15–20. Tysdag og torsdag kl. 10–20. Laurdag og søndag kl. 11–17. Ulstein bibliotek: Opent måndag og fredag kl. 10–15. Tysdag og torsdag kl. 10–18.

Ulsteinvik

Ulsteinvik sentrum byr på trivelege gatebutikkar, kafear, restaurantar og gode handleopplevingar. Her finn du både Thon Senter Ulsteinvik og Alti Blåhuset, med eit variert utval av butikkar, serveringsstader og tenester. Ta ein spasertur langs den flotte sjøkanten, nyt den maritime stemninga og bruk sentrum som eit naturleg utgangspunkt for å utforske resten av Ulstein.

Turvegane i Ulstein

Gratis

Ulstein har eit godt nettverk av turvegar som gjer det lett å utforske kommunen til fots. Vegane går mellom sentrum, natur og kystlandskap, og er godt skilta.

Solnedgang over havet ved Flø

Flø

Gratis

Flø ligg omlag 1 mil frå Ulsteinvik sentrum. Flø byr på vakker natur og storhavet rett utføre. Du finn både Roppesanden, Studio Hugo Opdal og Flø Feriesenter i den vesle bygda.

Konsert på scena i Sjøborg kulturhus

Sjøborg kulturhus og kino

Kulturhus og kino midt i Ulsteinvik med film, konsertar, teater og arrangement for heile familien. Sjøborg kino viser film onsdag–søndag i sommar. Billettar og program finn du på nettsida.

Saunesparken

GratisLeikeplass

Leikeplass med gode høve for leik og aktivitet for barn i alle aldrar.

Leikeplass ved Skollebakken

GratisLeikeplass

Leikeplass i Ulsteinvik sentrum.

Sykkelparken på Hofset

GratisAktivitet

Terrengsykkelpark og leikeområde for barn og unge. Her finn du hopp, svingar og løyper tilpassa ulike ferdigheitsnivå.

Elles på Søre Sunnmøre og omegn

8 stopp
Runde Miljøsenter-bygg med fjell i bakgrunnen

Runde

På Runde miljøsenter kan du oppelve utstillingar om havmiljø, plastforsking, sjøfugl og livet i havet. Kvar dag i sommar er det familieaktivitetar for store og små. Fuglefjellet Runde er kjent for lundefugl, fuglefjell og spektakulære kystlandskap. Om du vil gå ein lengre tur, kan du besøke Runde fyr, eit historisk fyr og flott turmål med utsikt mot storhavet.

Hakallegarden med utandørs sitjeplassar og trebygningar

Hakallegarden

Besøksgard med dyr, aktivitetar og servering. Særleg populær blant barnefamiliar. Opent onsdag–søndag kl. 12–18 i sommar.

Sæbø

Ei vakker fjordbygd inst i Hjørundfjorden, omgitt av nokre av dei mest spektakulære fjella på Sunnmøre.

Utsikt frå Ljøen utsiktspunkt over Hjørundfjorden med turkist vatn og høge fjell

Ljøen utsiktspunkt

Gratis

Flott utsiktspunkt over Hjørundfjorden med panoramautsikt mot dei stupbratte fjella.

Veg gjennom Norangsdalen med bratte fjell, vatn og grøne lier

Norangsdalen

Gratis

Kalla ei av dei vakraste dalane i Noreg. Her køyrer du mellom stupbratte fjell, fossar og historiske gardar.

Hotel Union Øye med fjell i bakgrunnen

Hotel Union Øye

Historisk hotell frå 1891 som har hatt kongelege, kunstnarar og oppdagarar som gjester. Hotellet er ei oppleving i seg sjølv, med vakre hagar og ei unik historie.

Norangdal 41, 6196 Norangsfjorden

Kråen gard

Opplev gardsliv, historie og natur ved Kråen gard. Ei flott avstikkar for deg som vil kjenne på det autentiske Søre Sunnmøre.

Hellesylt-fossen renn gjennom sentrum med fjell og hus rundt

Hellesylt

Gratis

Pittoreskt tettsted inst i Sunnylvsfjorden, kjent for den store fossen som renn gjennom sentrum. Herifrå går ferja inn Geirangerfjorden, og staden er eit populært utgangspunkt for fjordopplevingar.

Ålesund og omegn

8 stopp
Utsikt over kanalen i Ålesund sentrum med jugendbygningar og båtar

Ålesund

Den vakre jugendbyen med kaféar, restaurantar, butikkar og maritim historie.

Til og frå Ålesund

Reiser du med bil, kan du ta ferja frå Hareid sentrum til Sulesund. Frå ferjekaia er det om lag 25 minutt med bil til Ålesund sentrum. Passasjerbåten går frå Hareid sentrum til Ålesund sentrum. Overfarten tek om lag 25 minutt, og båten legg til midt i sentrum – perfekt for ein dagstur eller vidare reise. Rutetider Du finn oppdaterte rutetider, reiseplanleggjar og informasjon om eventuelle avvik hos frammr.no.

Utsikt over Ålesund sentrum og øyriket frå Fjellstua

Fjellstua

Byens mest kjende utsiktspunkt med panoramautsikt over sentrum og øyriket.

Sel svømmer i akvariet på Atlanterhavsparken

Atlanterhavsparken

Eit av Nord-Europas største saltvassakvarium.

Borgund dyreklubb

Eit triveleg stopp for dyregladde. Her kan du møte dyr og lære meir om dyrehalding og natur.

Epic AktivPark (Digerneset)

Stor aktivitetspark ved Digerneset med hindringsløype, zip-line, klatretårn og mykje meir. Perfekt for ein aktiv dagstur.

Alnes fyr med raud og kvit fyrstasjon på grøn li

Alnes fyr og opplevelsessenter

Klassisk fyr, med muligheit for å gå opp i tårnet. I opplevelsessenteret finn du kafe med sal av mat, drikke og søtsaker og kunstutstilling med ulike kunstner.

Statue av fiskarkona ved sjøen i solnedgang